57 stemte for å dømma Trump, medan 43 stemte mot.
For at Trump skulle bli dømd måtte 67 senatorar ha stemt for riksrett. Det er to tredjedelar av dei 100 senatorane, skriv NRK.
Om det skulle skjedd, måtte altså fleire av dei som er i det same partiet som Trump, vendt han ryggen.
Les også: Donald Trump stilt for riksrett – men kva betyr det eigentleg?
«Den største heksejakta i historia»
Donald Trump var stilt for riksrett då han vart anklaga for å ha oppmuntra til valdelege, dødelege og øydeleggjande handlingar i forbindelse med storminga av kongressbygningen i januar.
No fordømmer han riksrettsaka, som han etter frikjenninga kallar «eit nytt kapittel i den største heksejakta i historia», i følgje NRK.
Han skriv i ei uttaling at han lovar å «kjempa vidare», og at ingen president nokon gong har gått gjennom noko liknande som dette.
Les også: Demonstrantar tok seg inn i Capitol Hill