Donald Trump stilt for riksrett – men kva betyr det eigentleg?

Donald Trump er den første amerikanske presidenten som blir stilt for riksrett to gonger. Men kva skjer no?

Ei veke etter at ei gruppe med demonstrantar tok seg inn i Capitol Hill, vart Donald Trump stilt til riksrett av Representantanes hus. Men det er ikkje første gongen det skjer.

Donald Trump vart også stilt for riksrett i 2019. Det gjer han til den første amerikanske presidenten som er blitt stilt for riksrett to gonger.

Riksrett betyr at han formelt er blitt anklaga for å gjera noko galt, og at det kan medføra konsekvensar for han.

Les meir: Demonstrantar tok seg inn i Capitol Hill

Kongressen ville avsetja Trump

Tidlegare denne veka ville medlemmar av Kongressen avsetja Trump som president, gjennom å bruka det 25. grunnlovstillegget. Dette seier at visepresidenten og eit fleirtal av medlemmane i regjeringa kan avsetja presidenten dersom han ikkje er i stand til å oppfylla pliktene sine som president.

Det gjekk ikkje. Mike Pence, som er visepresidenten i USA, godkjente det ikkje.

Når ikkje det gjekk, så avgjorde eit fleirtal av medlemmane i Representanthuset at Trump skulle stillast for riksrett for å ha oppmoda til opprør.

Les meir: Joe Biden blir ny president – no får USA ny førstehund

Kva skjer i riksretten?

I Kongressen er det to hus. I Representanthuset sit det representantar som blir valt kvart andre år. I Senatet sit det senatorar som blir valt kvart sjette år. Det er Senatet som skal avgjera riksrettssaka. Dei vil kalla inn Donald Trump til å forklara seg, og vil bruka dei neste vekene til å bestemma seg for om Donald Trump skal bli dømt.

Etter det siste valet er det no 50 senatorar frå Demokratane (Biden sitt parti) og 50 frå Republikanarane (Trump sitt parti). For at Trump skal bli dømd må 67 senatorar stemma for det. Det er vanskeleg å få til, og kjem an på kor mange frå Trump sitt eige parti som vender han ryggen.

Kvifor riksrett?

No er det mange som lurer på kva som er poenget med å stilla presidenten for riksrett. For frå og med 20. januar, er jo ikkje lenger Donald Trump presidenten i USA.

Viss han blir dømd, så får han ikkje stilla som kandidat i eit nytt presidentval. Han går òg glipp av ein pensjon på to millionar kroner i året som alle tidlegare presidentar får.

Nokre av dei som stemte for at presidenten skulle stillast for riksrett, ville setja eit eksempel for kommande presidentar. Dei meinte at han har gjort noko som treng å få konsekvensar. Nokon vil nok òg vera glade for å sleppa at Trump stiller til val igjen om fire år.

Dei som var mot, meinte at riksrett så tett opp mot slutten av Trump sin presidentperiode var unødig, og at det berre ville føra til meir usemje og splitting i USA.

Les meir: Dette skjer når den nye presidenten tek over