– Eg gjorde det for å hjelpa andre, og har ikkje angra. Eg synest at det er deilig med mindre hår, men litt rart også, seier Leah Reksnes Randen (9) som har donert håret sitt for å hjelpa dei som treng det meir enn ho.
Då Leah kom på skulen med 25 centimeter kortare hår, påverka ho Emmelin Røysum (9). Ho ville også hjelpa andre, og slik fekk dei begge to god samvit og ein ny sveis på kjøpet. Emmelin kvitta seg med rundt 30 centimeter. Sogn Avis har også skrive om Leah og Emmelin.
– Leah påverka meg. Eg hadde hatt lyst å klippa håret lenge, og det er kjekt å hjelpa andre, seier ho.
– Håret veks ut att
Hjå frisøren vart håret til jentene delt opp i delar med små gummistrikk.
– Så klipte frisøren håret rett av. Eg fekk velja kor eg ville senda håret mitt, seier Emmelin.
Valet gjekk på Apollo, som held til i Bergen. Ho pakka håret fint inn i ein pakke, og la med alder og kjønn, slik at mottakarane visste kven håret var donert frå. Frisøren til Leah sendte av gårde hennar hår.
Les også: Parykkmakar: – Viktig å spara lenge nok
– Har de nokre tips til andre som tenkjer å donera håret sitt?
Jentene ser på usikkert på kvarandre og tenkjer seg om.
– Håret veks ut att, seier mammaen til Emmelin.
Det er jentene enig i. Dei smiler og nikkar i kor.