Parykkmakar: – Viktig å spara lenge nok

– Det er utruleg kjekt at det er blitt så populært. Me må hugsa på at det er noko heilt anna å klippa håret sitt kort frivillig, enn å mista det utan å ha tatt valet sjølv.

Det seier Randi Langø, som jobbar hjå Ruhs Parykker. Dei siste åra har dei sett ei stor vekst av born og unge som ynskjer å donera hår.

– Det er heilt tydeleg at det er blitt ein trend, eg trur kanskje at det er sosiale medium som står bak.

Uansett kva som er grunnen til trenden, set Randi og dei andre hjå Ruhs stor pris på alle donasjonane dei får.

– Det finst ikkje noko betre enn å hjelpa andre. At alle desse borna torer å klippa håret kort, varmar hjarterota mi.

Les også: Fleire born donerer håret sitt for ei god sak: – Det er kjekt å hjelpa andre

Minimum 30 centimeter

Hjå Ruhs har dei spesialisert seg på parykkar for born.

Hjelp: Hjå Ruhs Parykker hjelper dei menneske som av ulike grunnar treng parykkar. Randi Langø fortel om at sjukdommar som mellom anna psoriasis, hormonfeil og atopisk eksem kan føra til håravfall. Foto: Privat

– Det er born og unge som har minst utval å velja mellom. Dei har mindre hovud enn vaksne, og treng eigne parykkar.

Ho fortel at fabrikkane dei jobbar saman med, treng minimum 30 centimeter langt hår. Derfor er det dessverre mange som sender inn for kort hår.

– Håret som er for kort, får me i retur frå fabrikken. Så det er viktig å spara lenge nok.