Visste du at håret er daudt?

Eit hår lever mellom to og åtte år, og veks omtrent ein centimeter i månaden.

Eit menneske har normalt mellom 90.000 og 150.000 hår på hovudet. Dei som har lyst hår har fleire hårstrå enn dei som har mørt og raudt hår.

Det er heilt normalt å mista om lag 100 av desse hårstråa kvar dag.

Programmert celledød

Håret vårt veks ved at cellene i den nedre delen av hårsekken deler seg og skyv dei eldre cellene utover.

Samtidig er det ein prosess som gjer at hårstråa vert fylt av noko som heiter kreatin, og slik går gjennom ein programmert celledød, skriv snl.no.

Delen av håret som kjem ut frå huden vår, er altså dødt. Rart, sant?