– Joe Biden må fyrst avleggje ein eid ved at han legg handa sin på ein bibel medan han svergar til Gud at han vil vera ein god president i USA, fortel Sofie.
Biden skal leie eit land med heile 330 millionar innbyggjarar.
– Han kjem inn midt i ei akutt koronakrise. Så det fyrste han må gjere er å skaffe vaksine til alle. Då må han kanskje spørre om pengar frå kongressen for å få det til. Det er nemleg dei som bestemmer over pengesekken. Slik som Stortinget gjer i Noreg, seier ho.
Artikkelen held fram under bilete.
Betre krisepakkar
Det er også håp om at Biden skal lage nye, betre krisepakkar.
– Det betyr at han vil få folk i arbeid slik at dei klarar seg økonomisk, seier Sofie.
I valkampen har Joe Biden fleire gongar sagt at han vil forene landet.
– Akkurat no er det ganske mange Trump-tilhengarar som trur at Biden har fuska til seg valsigeren, så det blir spennande å sjå korleis Biden skal få det til. Det er det eg er mest spent på, seier ho.