Donald Trump stengt ute frå sosiale medium

I løpet av det siste døgeret har Twitter, Facebook, Instagram og YouTube tatt frå presidenten moglegheita til å bruka kontoane sine.

Torsdag kveld meldte Mark Zuckerberg, som er sjef for Facebook og Instagram, at Donald Trump blir stengt ute frå dei to sosiale medium-kanalane på ubestemt tid, skriv VG.

Det betyr at han ikkje får tilgang til kontoane sine, og ikkje kan skriva noko der.

Mark Zuckerberg. Foto: Anthony Quintano, CC BY 2.0

Meldinga om utestenging kom i etterkant av at demonstrantar tok seg ulovleg inn i Capitol Hill-bygningen onsdag kveld.

Les meir her: Demonstrantar tok seg inn i Capitol Hill

Zuckerberg skriv at han ikkje kjem til å oppheva utstengjinga av Trump, før verda har sett at overgangen til den nye presidenten i USA har gått fint føre seg. Joe Biden tek over som USA sin neste president den 20. januar.

Motarbeidar ein fredeleg overgang

– Dei sjokkerande hendingane dei siste 24 timane, har gjort det klart at Donald Trump har planar om å bruka resten av tida si som president til å motarbeida ein fredeleg overgang for påtroppande president Biden, skriv Zuckerberg i innlegget sitt.

Han skriv vidare at han valgte å stenga presidenten ute, då det var stor sjanse for at han kom til å motarbeida overgangen på deira medium.

Twitter stenge den noverande presidenten ute i totalt 12 timar frå natt til torsdag. Også YouTube og Twitch skal ha blokkert Trump sine kanalar.