– Når historikarane skal sjå attende på 2020, er sjansen stor for at dei kjem til å skrive om koronaen i bunden form. I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.
– Vi må hugse at året har vore prega av eit stort alvor, og valet av toppord speglar at vi har gått inn i ei annleis tid, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.