Me nærmar oss slutten av 2020, og no fortel Google kva nordmenn har søkt mest på det siste året.
– 2020 er eit år som vil bli hugsa for koronapandemien. Det kjem nok derfor ikkje som ei stor overrasking at koronaviruset dominerer nordmenn sine søk i år, seier fungerande kommunikasjonssjef i Google Noreg, Andrea Lewis Åkerman i ei sak hjå Kampanje.
Her er lista over dei ti mest populære søka:
10. Coronaviruset Norge
9. Iphone 12
8. Kobe Bryant
7. Førstegangstjenesten
6. Munnbind
5. Corona-symptomar
4. FHI
3. Joe Biden
2. USA-valget
1. Koronavirus
Les også: Dette er Noregs mest populære YouTube-videoar
Korona, Førstegangstjenesten og val i USA
Mange har hatt spørsmål om koronaviruset det siste året. Både generelle spørsmål om viruset, om FHI (Folkehelseinstituttet), symptomar på viruset og spørsmål om munnbind går att i søka til nordmenn.
Valet i USA har også interessert mange. Både kommande president Joe Biden og USA-valget er på topplista over søk.
– Nordmenn ser ut til å ha fulgt det amerikanske valget tett, og brukt Google til å læra meir om korleis det egentleg går føre seg, seier Åkerman.
Også norsk underholdning har kome seg på topplista over Google-søk. Førstegangstjenesten tok Noreg med storm då den kom tidlegare i år.