Mengda ferskvatn kvart menneske har til rådigheit er redusert med kring 20 prosent dei siste to tiåra. Det viser ein ny forskingsrapport frå FN.
Kring 1,2 milliardar menneske bur i område som lir av alvorleg vassmangel eller tørke.
Befolkningsauke er ein av hovudgrunnane til at folk manglar vatn. Rapporten fortel også om at auke i befolkninga gjer at det blir større konkurranse om vatnet. I tillegg kjem klimaendringane som skapar spenning og konflikt mellom folk.
Det ender ofte med at vassressursane ikkje blir delt rettferdig. Spesielt sårbare befolkningsgrupper, som fattige, kvinner og urfolk kjem dårleg ut.