Det ser nesten ut som om eplet blir gammalt på nokre få minutt. Men det er ikkje det som skjer. Eplet prøver å beskytta seg!
Inni eplet finst det stoff som vanlegvis er gøymde bak skalet. Når du bit eller skjer i eplet, blir cellene øydelagde. Då kjem desse stoffa i kontakt med luft, og då startar det ein kjemisk reaksjon.
Lufta rundt oss inneheld oksygen, ein gass som alle menneske og dyr treng for å leva. Når oksygen kjem i kontakt med stoffa inni eplet, startar ein kjemisk reaksjon som blir kalla oksidasjon. Det er den som gjer at eplet blir brunt.
Det er litt den same typen reaksjon som gjer at jern kan rusta.
Kan ein hindra det?
Har du sett nokon dryppa sitronsaft over eplebitar? Det fungerer faktisk. Sitronsafta gjer det vanskelegare for den kjemiske reaksjonen å skje, og då held eplet seg lyst lenger.
Det same skjer viss du legg eplebitane i vatn ei lita stund.
Er det farleg å eta brunt eple? Ikkje i det heile. Eit brunt eple er som regel like godt å eta. Det ser berre litt annleis ut.
Kjelder: Store norske leksikon, BBC Science Focus





















