Grunnen er at det vart oppdaga at eit mutert coronavirus, som hadde begynt å spreie seg på fleire minkfarmar i landet, skriv VG. Mutert betyr at viruset har forandra seg.
Minkane som hadde fått viruset, var heimehøyrande i Nordjylland. I heile Danmark er det snakk om at det var ein stad mellom 15 og 17 millionar mink, før dei måtte avlivast.
Alvorleg situasjon
– Me i politiet og alle myndigheitene, er veldig klar over den alvorlege situasjonen som minkavlarane og familiane deira er i no, seier rikspolitisjef Thorkild Fogde i ei pressekonferanse.
Også den danske statsministaren, Mette Fredriksen, er lei seg på vegne av dei som måtte avliva minkane sine.
– De mistar eit livsverk og noko som i nokre tilfelle har gått i arv gjennom fleire generasjonar. Det er ein sorgens dag for dykk, sa ho.