Robot oppdaga korona-viruset

Roboten, som blir kalla ein algoritme, oppdaga viruset lenge før Verdas helseorganiasjon (WHO).

0
Illustrasjonsfoto: Pixabay

Den 9. januar i år gjekk Verdas helseorganisasjon (WHO) ut med informasjon om at dei hadde oppdaga eit virus i Kina, som seinare fekk namnet korona.

Men heile ti dagar før, hadde ein robot som er utvikla i Canada, merka at det var fare på ferde og gitt beskjed om om viruset, skriv Wired. Roboten overvakar informasjon om helse rundt heile verda, og er laga på ein spennande måte.

Kunstig intelligens

Ved hjelp av kunstig intelligens, kan roboten hente inn informasjon frå mellom anna utanlandske nyheitskanalar og styresmakter, og varsle brukarane om den merkar noko unormalt. Akkurat dette gjorde den då viruset først vart oppdaga i Wuhan i Kina.

Ganske kult!