Tips til snøleikar

Er det snø der du bur? Eller lengtar du? Når det er snø er det ekstra kjekt å leike seg ute. Her er fem tips til uteleikar i snøen. Kos deg!

Politi og røvar i snøbane

Finn deg eit område der snøen ligg urørt. Ei mark eller ein tom skulegard.  (Akkurat det er kanskje litt vanskeleg å finne). Trakk opp ei bane som går på kryss og tvers. Lag eit område der fengselet er, og ein plass det er lov å kvile, fripant. Det er berre lov å springe på den opptrakka løypa. Garantert moro!

Foto: Fil.Al / flickr

Snøhole eller iglo

Dersom det er rikeleg med snø er det fullt mogeleg å lage snøhole eller iglo. Iglo er litt meir avansert, og det tek litt lengre tid å lage ho. Då må ein fyrst trakke opp eit område og presse snøen saman, for deretter å skjere ut snøblokkar som ein set saman.

Snøhole er lettare. Då samlar ein saman mykje snø og grev seg ei hole. Finn fram eit ullpledd, og du har verdas koselegaste hytte.

Snølykt

Lag snølykt og tenn opp stearinlys. Dette gir garantert god stemning. Kanskje du kan overraske mamma eller pappa, eller besteforeldra dine? Alle blir glade for ei snølykt.

Foto: Siri Spjelkavik/flickr

Snømann

Lag ein snømann som står ved ytterdøra og ønskjer velkomen. Kle snømannen opp med hue og skjerf, og finn fram gulrot til nase og steinar til munn og auge. Greiner er perfekte armar.

Aking og ski

Du har også aking og ski som eit godt alternativ. Det er alltid kjekt. Finn grenda sin beste bakke og ha akekonkurranse.