Jente (9) blei brøyta inne i snøhole

Jenta leikte i snøhola si då ein brøytebil kom og sperra ho inne.

Det er VG.no som skriv om hendinga. (Lenke til saka).

Det skjedde tysdag ettermiddag i Skien, då jenta leikte i snøhola si. Brøytebilen kom og fylte opninga, slik at ho vart sperra inne, seier politiet til VG.

VG skriv at det tok omlag 30 minutt å grave henne fram, men at ho heldigvis ikkje hadde noko skade.

Ein må vere ekstra på vakt no når det er så store snømengder rundt omkring i Noreg. Skal du lage snøhole må du passe på å plassere hola ein stad der brøytebil eller anna køyretøy ikkje kjem seg fram.