Kulturskulen er ekstra viktig i koronatida 

Marta Majer (9) går på kulturskulen for å læra å spele piano. Målet er å kunne spele «Für Elise» av Beethoven. Kulturskulen er ein viktig fritidsaktivitet for mange no når mange lagidrettar står på vent grunna korona.

Fakta om kulturskulen:
  • Over 85000 barn og unge gjekk på kulturskulen i fjor.
  • I fjor var det mange tusen barn og unge på venteliste for å bli med på kulturskulen. Kring åtti kommunar hadde plass til alle som søkte, medan eit fleirtal av kommunane hadde ventelister på eitt eller fleire tilbod.
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior møter Marta i musikkrommet på Skånevik skule. Her skal ho ha 20 minutt undervisning kvar tysdag. Dette er hennar fyrste møte med pianoundervisninga. Men, ho har allereie gått to år på teikning og maling, så kulturskulen er velkjend for ho.

– Eg likar piano. Det er fint å høyre på piano – og eg likar det spesielt godt når nokon spelar med to hender, seier Marta. 

Målet hennar for hausten er å bruke begge hender og alle fingrane på tangentane.

– Eg vil lære det. Så no øver eg her på musikkrommet med pianolæraren ein gong i veka, og så har eg eit keyboard eg skal øve på heime, seier ho.

Marta går også på handball, men treningane er ikkje starta enno. 

– Vi ventar med trening på grunn av korona. Eg håpar handballtreninga startar snart, men enn så lenge er det veldig fint med kulturskule – for her er det trygt å vera. Det er jo berre meg og læraren. Og vi held avstand og brukar handsprit, fortel ho.

Vil øva kvar dag

Målet for hausten er å lære å spela meir av «Für Elise» av Beethoven. 

– Eg kan spele starten, men treng å lære å spele med to hender for å klare å kome vidare, seier Marta.

Oppgåva frå pianolæraren er å øve på å bruke alle fingrane på tangentane.

– Eg skal øve to minutt kvar dag no i byrjinga, fortel ho.

Ekstra viktig no

Morten Odéen er rektor i Etne kulturskule. Han meiner Kulturskulen er ekstra viktig for mange no i koronatida.

– No ser vi at ein del lagidrettar og andre aktivitetar ikkje kan starte opp som normalt, og då kan kulturskulen vera god å ha for mange, seier han. 

– På den måten blir kulturskulen ekstra viktig no. Her får barn og unge sjansen til å utvikle andre sider av seg sjølv og lære ting dei kan ha glede av heile livet, seier Morten.