Undervisinga i kulturskulen går som normalt

Framtida Junior har spurt 10 kulturskulerektorar i 10 ulike kommunar om dei merkar at korona påverkar søkjartala. Alle svara at undervisninga går som normalt i haust.

Enkelte kulturskular melder om ein liten nedgang i talet på søkjarar, medan nokon fortel at dei satsar på å utvikle fleire tilbod denne hausten fordi fleire barn og unge vil trenge aktivitetar som passar inn i koronasituasjonen.

– Koronasituasjonen gjer nok enkelte elevar og foreldre urolege når det gjeld å starte opp att med aktivitetar etter ferien, seier Egil Hofsli. Han er kommunikasjonssjef i Norsk kulturskoleråd.

– Kulturskulen er noko av det tryggaste du kan halde på med på fritida. Vi har laga ein smittevernrettleiar som skal hjelpe kulturskulane å drive på ein trygg måte, fortel han.

Fleire kulturskular har ledige plassar!

Ønskjer du å melde deg på kulturskulen i din kommune? Kulturskulen har påmelding på nett. Google namnet på kommunen du bur i pluss «kulturskule». Finn du ikkje fram? Ring kommunen. Dei hjelper deg!