11 fakta om podkast-universet

No er det fleire kule podkastar å finne som er skreddarsydd for barn! Men kva er ein podkast?

  • Podkast er redigerte lydprogram som er å finne på internett. Podkasten har ofte ein meir uformell tone enn radio- og tv-program. Det deler podkasten med til dømes bloggar.
  • Ordet podkasting kjem frå engelsk podcasting, ei samanslåing av orda iPod og broadcasting. iPod er ein berbar digital lydavspelar frå Apple og broadcasting tyder kringkastar på norsk.
  • Ein kan blant anna bruke nyare utgåver av programma iPodder, iTunes og Winamp til å abonnere på og finne podkastar.
  • ITavisen var mellom dei første norske podkastene i Noreg, med oppstart 5. august 2005. NRK starta hausten 2005 med å podkaste visse radioprogram, P2-programmet Kurér var først ute.
  • Podkastteknologien blei utvikla rundt starten av 2000-tallet, men det var etter at Apple lanserte sin podkast-applikasjon for iPhone og iPad i 2012 at det blei populært å bruke for folk flest.
  • For kringkastarar som NRK og P4, har podkast blitt ein ny kanal for radio. Samstundes er det så mykje billegare å lage podcast enn radio at mange fleire enn det tradisjonelle kringkastarane nyttar kanalen. Både mediehus, kjendisar, organisasjonar og andre lagar no sine eigne sendingar.
  • I 2017 rapporterte sju av ti nordmenn at dei hadde høyrt om podkast, og 14 prosent hadde lytta til podkast minst ein gong i veka.
  • Podkast gjer at folk kan lytte når det passar dei, og ein kan finne podkaster om mange ulike tema.
  • Podkasting blei teknisk mogleg då den amerikanske programvareutviklaren Dave Winer i år 2000 fann ut korleis nettlesaren kan spele av lydfiler.
  • I 2003 blei Dave Winer sin teknologi videreutvikla slik at lydfilene enkelt kunne overførast til iTunes og så lastast ned til ein iPod.
  • Ordet «podcast» blei lansert av den britiske journalisten Ben Hammersley. I ein artikkel om ein mogleg boom for amatørradio, publisert i The Guardian i 2004, formulerte han fenomenet som «podcast».