Tips til podkastar for barn

Har du høyrt på podkast? Her får du tips til timar med spennande lytting.

Juniorrådet Aftenposten

Juniorrådet skal hjelpe barn med å forstå og takle små og store problem dei møter på skulen, heime og på sosiale medium.

 

Fortell meg om!

Fortell meg om er ein podkast for alle barn som vil vite meir om korleis verda heng saman. Still eit spørsmål – og vips – så får du ei radioreise inn i det du lurer på. Podkasten er laga av Tine Eide i samarbeid med Deichmanske bibliotek.

 

Supernytt

Synest du det skjer mykje rart og skummelt i verda? Og at vaksenprat er vanskeleg å forstå? Supernytt sin podkast forklarar det som skjer – på ein måte som alle forstår.

 

Aftenpodden Junior

Aftenposten Junior er ein podcast for nysgjerrige barn og unge.

 

Eventyr for barn på flukt

Her får du høyre originale folkeeventyr, kunsteventyr og fablar frå både inn- og utland. Eventyra er lese inn gratis av skodespelarar som støttar Redd Barna sitt arbeid.

 

Cool facts about animals

Denne podkasten vann People´s Choice Podcast Awards 2018 i “Kids & Family”-kategorien. Cool facts about animals er ein podcast for og med/av barn. Perfekt for barn som er glad i dyr og som kan engelsk eller held på å lære språket.

 

Plutselig Barneteater!

Plutselig Barneteater er improvisert teater for barn. Tre syngande skodespelarar og en pianist spinn vidare på kjente og ukjente eventyr etter forslag frå lyttarar.