Forskarar vil gjere mjølkesjokoladen like sunn som mørk sjokolade

No jobbar forskarar med å gjere den søte, milde sjokoladen like sunn som den bitre mørke sjokoladen.

Litt mørk sjokolade skal vera ganske sunt. Forskarar har mellom anna funne at den mørke sjokoladen er bra for både hjarta og hukommelsen vår, skriv Ung.Forskning.no. Det er fordi den er full av antioksidantar. Antioksidantar er naturlege stoff som vernar cellene i kroppen vår. Det er stoff som finst i naturen. I kakao, som det er mykje av i sjokolade, er det antioksidantar som blir kalla polyfenoler. Det er desse som gjer at sjokoladen blir så bitter.

Skal bruke peanøttskal

No skal forskarane putte putte naturlege polyfenoler inn i mjølkesjokoladen, for å gjere den sunnare. Dei skal hente polyfenolane frå noko anna enn kakao – nemleg peanøttskal. Peanøttskal blir kasta i fabrikkane, så då er det jo veldig smart å bruke det i sjokolade i staden! Forskarane må passe på at dei brukar rett mengd polyfenoler, slik at den lyse mjølkesjokoladen ikkje blir for bitter.

Må teste meir

Ung.Forskning.no har snakka med Harald Carlsen som er forskar ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Han kjenner til at polyfenoler i kakao gjer at den mørke sjokoladen er sunnare. Men han er usikker på om forskarane kan gjere mjølkesjokoladen like sunn ved å bruke peanøttskal.

Harald synest det er fint at forskarane i USA vil skape noko sunt ved å bruke mat som likevel skal i søpla. Men, han meiner forskarane må teste korleis kroppen vår reagerer på polyfenoler i peanøttskal, før denne typen sjokolade blir solgt i butikken.