Syklar for barn med kreft

«Team Rynkeby» syklar vanlegvis til Paris kvar år for å samle inn pengar til kreftsjuke barn. I år måtte dei tenkje annleis grunna koronaviruset.

Dei ni laga, som kjem frå fleire ulike stader i Noreg, syklar i år heller dagsetappar på rundt 10 til 20 mil på sine eigne heimeområde i tidsrommet 3. til 11. juli, skriv H-avis.no.

– Det er for å fokusere på barn og kreft, og at vi treng meir forskning for å finne nye medisinar, fortel Ann Kristin Rørtveit i «Team Rynkeby God Morgon Haugaland».

I 2019 samla sykkellaga inn 12,8 millionar kroner til Barnekreftforeningen.