WHO vil forby sal av levande ville dyr på marknader

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har bedt om eit fullstendig forbod mot sal av levande dyr i tradisjonelle matmarknader, for å hindra framtidige utbrot av sjukdommar som koronaviruset.

Verdshelseorganisasjonen oppfordrar alle regjeringar til å stoppa handelen med «levande fanga ville pattedyrarter» som blir slakta og selt ved sida av andre matvarer, skriv Independent.

Grunnen er at dei vil redusera folkehelserisikoen.

Helseorganisasjonen har tidlegare bedt om å forbetra tilhøva på marknadane der dette går føre seg, og ikkje stengja dei heilt, då dette kunne gå ut over matforsyningane til dei som handlar der.

Pangolinen er eit av verdas mest ettertrakta dyr. Den blir solgt ulovleg på marknader mellom anna i Kina. Foto: Pixabay

Sannsynleg kjelde til korona-utbrotet

Ei felles studie frå WHO og helsemyndigheiter i Kina har funne ut at marknadane som sel både levande og døde dyr, som ofte blir kalla våtmarknader, var ei sannsynleg kjelde til koronaviruset.

Den siste utsegna frå organisasjonen gjer det klart at dei meiner at dyremarknader utgjer ein stor risiko for å skapa nye virus i framtida.

– Dyr og særleg ville dyr, er kjelda til meir enn 70 prosent av alle nye smittsame sjukdommar hjå menneske, der mange er forårsaka av nye virus, seier WHO.