Ine (17) var kreftsjuk heile barndomen. No gir ho råd i ei ny krefthandbok for unge

Ine Kristiansen (17) er kreftfri, men jobbar framleis med å lære seg å leve med seinskader.

Ine har fatigue. Det er ein seinskade som gjer at ho kan verte så utmatta at ho må kvile ein heil dag for å hente seg inn att.

17-åringen frå Sandnessjøen på Helgelandskysten var berre tre år gamal då ho først fekk kreftdiagnosen «akutt lymfatisk leukemi».

Omslag: Ung Kreft.

Gir ut bok om kreft

No er ho ein av ti unge som har bidrege til boka Kreft. Shit. Hva nå? som vert gjeven ut av Ung Kreft.

– Boka handlar om å hjelpe andre med kreft, og det var nok det viktigaste for meg.

Kvart år får kring 1000 unge mellom 15 og 35 år i Noreg kreft. Målet med boka er at desse skal sleppe ty til Google for svar, slik Ine og mange andre har måtta.

«Kvifor akkurat meg?»

Ine Kristiansen var berre tre år og gjekk i barnehagen, då dei la merke til at den vesle jenta ikkje ville gå. Først mistenkte legane at det var leddgikt i knea som plaga ho, men då Ine kom til ein spesialist i Bodø vart denne teorien fort kasta vekk. Att stod blodkreftdiagnosen.

– Han såg det på at eg var så bleik, fortel Ine.

Ine hugsar ikkje så mykje frå desse åra med tallause prøver, sjukehusopphald og behandlingar.

– Eg tenkte nok «kvifor skal eg gjennom alle desse prøvene?» og «kvifor akkurat meg?», seier ho no som 17-åring.

Men ho har også mange bilete av store smil og kosebamsar, og enkeltminner frå leik og at ho som lita helst gjekk i kjole.

– Så vart eg frisk att då eg var seks eller sju år gammal, seier Ine og nøler litt.

Foto: Privat

Skal bli sjukepleiar

I dag går Ine første året på vidaregåandelinja Helse og oppvekst og vil utdanne seg til sjukepleiar. «Fordi eg veit sjølv korleis det er å vere på andre sida, og veit korleis eg ville vorte behandla,» fortel ho. I eitt av faga skal ein fortelje om kven ein er, og korleis ein vart den ein er.

Ine fortel om då ho var sjuk, for ho har alltid vore open om kreftsjudomen.

«Alt som er gratis er gøy»

Då Ine fekk spørsmål om å bidra til Kreft. Shit. Hva nå? nølte ho ikkje. Delvis fordi ho lytta til mora sitt ordtak «alt som er gratis er gøy», men òg fordi ho visste kor godt det kan gjere å høyre frå andre som anten har, eller har hatt, kreft og veit kva det inneber.

Ung Kreft samla ti unge menneske frå heile landet, som alle hadde fått ein kreftdiagnose. Dei ti prata saman om diagnosane sine og utveksla erfaringar, diskuterte korleis sjukdomen påverka relasjonane til venner, kva dei tenkte om sex og kjærestar, og om døden.

Visste du til dømes at det kan vere lurt å ta med si eiga hovudpute på sjukehuset?  Eller at ein kanskje bør unngå favorittretten sin når ein er under behandling, slik at ein ikkje for alltid assosierer den med kreft?

Alle lærdomane, tipsa og erfaringane er samla mellom permane til Kreft. Shit. Hva nå? Kvart kapittel tek føre seg eitt tema, frå korleis utsjånaden kan endre seg og kva alternativ ein har, til tips om korleis sjukehusopphaldet vert best mogeleg.

Boka kan dei få gratis, anten på sjukehuset, gjennom kreftkoordinatorar eller ved å kontakte Ung Kreft. Allereie har 765 bestillingar tikka inn.

«Kva har skjedd her?!»

Ine Kristiansen sitt beste tips i boka er å halde seg unna Google.

Den artigaste historien hennar er at ho ein gong skremde gamle damer med å slenge parykken sin i handlekorga deira på butikken.

Den største overraskinga var at ho fekk tilbakefall nesten to år etter ho var ferdig behandla.

Ine var endeleg kreftfri då ho var seks år gamal, men kreften heldt seg ikkje unna lenge. Då ho var 7 og eit halvt år var sjukdomen komen attende.

– Eg angrar litt på at eg ikkje ville ta av meg hua eller parykken framfor folk då eg var sjuk andre gongen. Eg var redd for å vise dei at eg ikkje hadde hår, fortel Ine og understreker at ein treng ikkje skamme seg. – Når eg ser på bileta no innser eg at eg var ganske søt. Eg var liten, tjukk og skalla, seier ho og ler. Foto: Privat

Sjukehus med behandlingar og sprøytestikk vart igjen ein del av kvardagen.

– Det har vore eit par nåler, både i foten, i armane og i brystkassa, fortel Ine.

Men sprøytene i låra, dei hugsar ho ikkje. Ine fortel at ho fekk dormicum før desse, eit medikament som fører til at ein gløymer det som føregår rett etterpå.

– Mamma og pappa har fortalt meg historier frå etter eg tok sprøytene i låra. Når eg gjekk på do og tok ned buksa – eller opp kjolen – såg eg plastera på låra mine, og eg var like sjokkert kvar gong. «Kva har skjedd her?!».

Stemma hennar skjelv litt. Denne delen latar det til at ho ikkje likar å prate om, for 17-åringen har vorte livredd sprøyter etter så mange år med kreftbehandling.

– Eg vil vere som alle andre

Heldigvis vart Ine kreftfri att som tiåring, og di fleire år som går, di mindre er sjansen for nok eit tilbakefall.

I dag er Ine Kristiansen frisk, og i full gang med utdanningsvegen mot sjukepleiaryrket. Foto: Privat

No er ho på mange måtar som ein heilt vanleg 17-åring – ho går på vidaregåande og har ekstrajobb på Synsam. Men på eit vis skil ho seg frå sine jamaldrande.

Ine har fått påvist fatigue, ein ettersjukdom av kreftbehandlinga. Det inneber at 17-åringen fort vert sliten, og treng tid for å hente seg inn att når ho er tappa for energi.

– Eg har ikkje heilt lært meg korleis fatiguen funkar. Eg har ikkje heilt lært meg å delegere energien min, og når eg skal stoppe, fortel ho.

– Eg vil vere som alle andre, dei som kan halde på i gymmen heile tida utan å ta pause.

Ine kan ikkje gje alt i gymtimen, for dersom ho pushar seg på same nivået som andre så lyt ho ligge resten av dagen. Om ho jobbar mykje med lekser eller det er noko som tærar på psyken, så vert ho sliten.

På skulen har ho nokre gongar fått beskjed om at «du har ingenting her å gjere, Ine. Kom tilbake i morgon, eller ein annan dag», når energinivået er på botnen.

– Nokre reagerer når eg byrjar å grine, og andre veit at no er eg berre sliten – det er ikkje noko gale, fortel Ine.

Det har vorte mange tårer, og ho skjønar at nokre kan synest det er rart at ho reagerer på den måten når ho er utmatta:

– Andre har tung pust og drikk vatn når dei er slitne, eg ligg i senga ein heil dag.

Ine Kristiansen er ikkje den som hoppar på trampoline, turnar og syklar rundt. Ho sit heller på sidelinja og ser på. Ho puslar heller heime ein laurdagkveld enn å reise på fest kvar helg.

– Eg gjer jo rare ting og har det artig, men kanskje ikkje på same måte. Eg har jo lurt på korleis det hadde vore å hatt energi som dei andre har, og på ein måte lurer eg framleis på det, seier 17-åringen.

– Men på ein annan måte, så er eg ganske heldig som ikkje har opplevd den typen energi, for då hadde eg sikkert kjent på ein type tap.