Er vi like på innsida av kroppen?

To babyar er ganske like, men etter kvart kan skilnaden bli ganske stor.

Nokon har grøne auge, andre har brune. Nokon har ei stor nase og lange armar – andre har smø øyre og korte bein. Alle menneske ser veldig ulike ut. Men kor ulike er vi på innsida av kroppen?

– Organa våre kjem i mange fasongar og fargar, fortel professor Inge Morild til Forskning.no.

– Det er like store skilnadar på ting innvendig som det er utvendig. Det gjeld både form og storleik. Det er også ulike fargar, seier Inge som jobbar på Universitetet i Bergen.

Dei aller fleste har dei same organa i kroppen, og de sit på same stad. Men allereie frå vi blir født startar skilnadane.