Saka er henta frå NRK.
Undersøkinga er gjort av Universitetet i Bergen, og inngår i eit samarbeid med Verdens helseorganisasjon (WHO).
7000 norske elevar på sjette, åttande og tiande trinn i grunnskulen, samt første trinn på vidaregåande har svart på undersøkinga.
Undersøkinga kartlegg mellom anna trivsel og mobbing.
48 andre europeiske land har gjort tilsvarande undersøking.
Nesten halvparten trivst godt på skulen
Norske barn trivst over gjennomsnittet godt på skulen. 48 prosent av 11-årige jenter og 42 prosent av jamnaldrande gutar seier at dei likar skulen veldig godt.
Har framleis ein jobb å gjere
Forskarane meiner at den nye rapporten viser at tiltaka blant norske barn fungerer. Det er likevel eit stykke igjen til målet med regjeringa sine planar for å sikre at alle har rett til eit læringsmiljø utan mobbing, skriv NRK.