Elea (8) og Milla (8) lagar snurrepølser på bålpanna

SJÅ VIDEO: Elea Nerheim Myrtvedt (8) har fått besøk av Milla Holmedal Åsheim (8) i «Elea sitt kjøkken». I dag lagar dei snurrepølser på bålpanna.

Ingrediensar du treng:

  • 1 1/2 dl. lunka vatn
  • 1/4 pakke gjær
  • 3,5 dl. kveitemjøl
  • 1 ss olja
  • 1/4 ts salt
  • Grillpølser

Utstyr:

  • Bakebolle
  • Grill

Slik gjer du:

  • Bland ut gjæren i det lunka vatnet.
  • Så blandar du i kveitemjølet.
  • Bland inn olje og salt.
  • Kna deigen slik at han blir klumpfri.
  • Lag lange pølser av små bitar av deigen, og snurr deigen rundt pølsa.
  • Grill pølsene (få hjelp av ein vaksen til grilling!)