Elea (8) lager minipannekaker på bålpanna

SJÅ VIDEO: Her viser Elea deg korleis du kan lage minipannekaker med jordbær og sirup på bålpanna.

Ingrediensar:

3 dl kveitemjøl

6 dl mjølk

½ ts salt

4 egg

2 ss smør 

Jordbær

Lønnesirup

Utstyr:

Litermål

Skål

Visp

Matskei

Teskei

Steikepanne

Tallerken

Slik gjer du:

Fyrst tek du kveitemjøl i skåla. 

Så tek du i salt og 3 dl. mjølk. 

Bland saman til røra vert fri for klumpar.

Smelt smør og ha det i bollen.

Hell i resten av mjølka.

Så er det egga sin tur. 

Visp godt.

La røra stå i 20 minutt før steiking.

Be ein vaksen om å hjelpe deg med å steike pannekakene på steikepanna heime eller ei bålpanne ute. 

Kutt opp jordbær i små bitar og legg dei på toppen.

Hell over litt lønnesirup.