Elea (9) lagar digg grønkålchips

SJÅ VIDEO: Her viser Elea Nerheim Myrtvedt deg korleis du kan lage ein super snack. Grønkålen er stappfull av vitaminer kroppen treng, og veks ute nesten heile året.

Ingrediensar (2 porsjonar):

  • 200 g grønnkål
  • 2 ss rapsolje
  • ¼ ts havsalt

LES MEIR: Elea lager minipannekaker på bålpanna

LES MEIR: Elea og Milla lagar snurrepølser på bålpanna

Slik gjer du:

  • Forvarm steikeomnen til 180 °C. 
  • Rens grønkålen for tjukke stilkar og riv den i grove bitar.
  • Ha grønkålen i ei bolle og hell over olje.
  • Bland grønkålen med hendene til den blir blank og mjuk.
  • Legg bakepapir på eit steikebrett og fordel grønkålen godt utover papiret.
  • Steik midt i ovnen i cirka 15 minutt, eller til grønkålen er tørr og sprø.
  • Ta ut av ovnen og avkjøl.

LES MEIR: Elea lagar digg sushi

LES MEIR: Elea lagar softis