Elea (8) lagar digg sushi

Elea Nerheim Myrtvedt viser deg korleis du kan lage sushi med scampi, jordbær, honningrista peanøtter, kremost og chillimajones.

Dette treng du:

Til sjølve sushirullen:

  • Sushiris
  • Scampi
  • Teriyakisaus
  • Kremost
  • Tangpapir

Pynt:

  • Jordbær
  • Honningrista peanøtter
  • Sylta ingefær (i glas frå butikken)

Chillimajones:

  • Sweet chillisaus
  • Majones

Utstyr:

  • Ei skål med vatn
  • Ei skål
  • Eit fat
  • Ein smørekniv
  • Bambusmatte
  1. Kok sushiris (følg instruksjonane på pakka Få gjerne hjelp av ein vaksen til dette.
  2. Ta fram eit tangpapir, og start med å dyppe fingerspissane i skåla med vatn. Det gjer vi for at risen ikkje skal henge seg fast i fingrane. Så legg du ris på tangpapiret i eit passe tynt lag. Pass på at risen ligg cirka 1 cm frå kantane på tangpapiret.
  3. Smør teriyakisaus i ei stripe på tvers over risen.
  4. Legg bitar av kremost på stripa med teriyakisaus.
  5. Steik (viss du har rå scampi). Viss du har kjøpt kokt scampi kan du berre varme dei litt i ei panne eller bruke dei kalde. Ta av halane på scampiane (viss dei har halar). Del scampiane i to og legg dei i ei rekkje saman med kremosten og teriyakisausen.
  6. No skal vi lage sjølve sushirullen. Bruk bambusmatta når du ska rulle. Gni litt vatn på kanten på tangpapiret. Rull slik at innhaldet i rullen ligg på tvers. Klem rullen i bambusmatta slik at den blir fast og fin.
  7. Skjær av endane på begge sider. Del kvar rull i to, og del så videre i to og i to. Av ein rull får du 8 bitar.
  8. Bland 1 dl. majones med 1 ss sweet chillisaus. Ta ei skei og drypp litt chillimajones på toppen av kvar sushibit. Du kan også bruke denne blandinga til å dyppe bitane i når du set deg for å ete.
  9. Pynt bitane med jordbær og honningrista peanøtter på toppen. Legg litt sylta ingefær ved sida av sushibitane.