Kultur og språk skapar identitet

Kva har kulturen og språket å seie for identiteten din?

Kulturen vi veks opp i er med på å forme oss og gi oss identitet. Berre her i Noreg vil vi kunne oppleve mange ulike kulturar. Då kan du tenke deg kor mange tusenvis av kulturar det er rundt omkring i verda.

Kva er typisk norsk kultur?

Det er ikkje eit enkelt svar på kva som er typisk norsk kultur. Svaret på dette har endra seg gjennom tida. Du vil nok oppleve å få ulike svar – om du spør ulike personar.

Nokre vil seie at typisk norsk kultur er:

  • å gå på ski
  • å vekse opp i eit demokratisk land
  • å gå i 17. mai-tog
  • å vinke til kongefamilien
  • å gå i bunad
  • å gå på fjellturar
  • å overnatte på hytta
  • å fiske
  • å mjølke kyr
  • å spele folkemusikk
  • å spele fotball
  • å spele i korps
  • å strikke

Denne lista blir aldri ferdig. Det er mange ting som er typisk norsk, og kva som er norsk endrar seg. På denne lista er det sikkert mange ting du som nordmann ikkje kjenner deg igjen i.

Kulturen vi veks opp i er med på å forme din identitet.

Identitet gjer oss unik
Å stå på ski er typisk norsk kultur. (Illustrasjon: Colourbox).
Identitet gjer oss unik
Religion og identitet køyrer saman. (Colourbox)

Fleirkulturelt samfunn

I Noreg har vi fått mange nye landsmenn. Dei har tatt med seg sine kulturar til landet, og som vi har blitt introdusert med.

Når vi får kjennskap til andre religionar og deira tradsisjonar, vil vi også forstå dei betre.

Mange vil nok seie at typisk norske kulturar er kulturar som kjem frå utlandet.

Vår kultur er viktig for vår identitet. Då er det også viktig å hugse at alle nye landsmenn vil halde på sin eigen kultur som dei har frå sitt heimland. Det er nettopp dette som gir dei sin eigen identitet.

Identitet gjer oss unik
Språket og di dialekt gjer deg til den du er. Den gir deg identitet. (Colourbox)

Språket gir identitet

Noreg har mange dialektar.

Språket vårt er også med på å gi oss ein identitet. Dialekten din syner andre kvar du kjem frå. Det ligg ei slags ære i å halde på dialekten sin.

Men dialektar utviklar seg anten vi vil eller ikkje.

– Det som skjer i Noreg i dag er at dialektane blir meir og meir like kvarandre. Det heng saman med kommunikasjon. Dei fleste høyrer fleire dialektar enn sin eigen i kvardagen, og då jamnar skilnadane seg ut over tid, seier språkforskar Arne Torp til NPK.

Kva er typisk norsk for deg og din identitet?

Skriv ditt svar i kommentarfeltet.