Alle menneske har sin eigen identitet

Å ha sin eigent identitet betyr at kvar person er heilt spesiell. Både arv og miljø formar identiteten vår.

Både arv og miljø formar identiteten vår. (Illustrasjon: Colourbox)

Vi veit at vi blir til den vi er fordi vi har med oss ein arv frå foreldra våre. Men vi blir også forma av miljøet rundt oss også.

Dei som har søsken veit sikkert at du skil deg frå dei. Du har kanskje trekk, meiningar eller kjenneteikn dei ikkje har. Det gjer at du har din heilt eigen identitet, og som gjer deg unik – for ingen andre er som deg.

Å ha sin eigen identitet betyr at du kjenner deg sjølv, og veit kva du står for. Det går mykje i å kunne ha eigne tankar og kjensler.

Arven og identitet

Med arv meiner vi det som er bestemt frå før vi blei født. Dei første leveåra er familien det viktigaste. Det er dei som passar på oss med kjærleik, mat og omsorg.

Foreldra våre lærer oss også kva som er viktig.

Miljøet og identitet

Etter kvart som vi veks til blir miljøet – det som er rundt oss også viktig. Då vil venner, barnehagen, skulen, fotballtreninga, korpset, kommunen, og andre fritidsaktivteter viktige for å forme oss.

Her lærer vi at nokre av dei rundt oss tenker likt som deg sjølv, medan andre igjen tenker heilt motsatt. På den måten både lærer vi – og blir tryggare på kven vi er som person. Dette vil utvikle identiteten vår. Denne prosessen varer heile livet.

Alle val vi tek i livet formar identiteten vår.

Miljøet er med på å forme identiteten.(Illustrasjon: Colourbox)

Seksualitet og identitet

Den seksuelle identiteten vår vil ha stor betydning for resten av livet vårt. (Illustrasjon: Colourbox)

Kven du forelskar deg i er også med på å fortelje kven du er som person. Å vere forelska vil gje deg mange kjensler. Glade tankar, triste tankar. Kreative tankar. Tankar som er proppfulle av sjalusi. Og mange, mange fleire.

Dette er også med på å forme din identitet.

  • Nokre blir forelska i ein av motsatt kjønn, som vi kallar heterofili.
  • Nokre blir forelska i ein av same kjønn, som vi kallar homofili. På jenter som er homofile brukar vi ordet lesbisk.

Vil du lese meir om identitet?