Kvifor har vi nynorsk og bokmål?

I Noreg har vi tre språk. Samisk, nynorsk og bokmål. Men kvifor har vi både bokmål og nynorsk?

I vikingtida snakka vi norrønt. Det var eit språk som ein tala på Island, Færøyane og i Noreg. Det var både eit talemål og eit skriftspråk.

Theodor Kittelsen med bilete Pesta i trappa.

Svartedauden

Så kom svartedauden til Noreg på 1300-talet og utsletta over halvparten av befolkninga. Dei lærde, altså dei som kunne skrivekunsten, døde. Dette var munkar, nonner og prestar. Mange av dei døde fordi det var dei som passa på dei sjuke, og blei smitta sjølv.

Etter svartedauden var det få igjen som kunne skrive norrønt.

Unionen

Etter Svartedauden blei Noreg med i union med Danmark. Under denne tida utvikla språket seg frå å vere norrønt til å bli meir likt dansk.

Under unionstida blei skriftspråket kalla mellomdansk.

Unionen med Danmark vara i over 400 år, men i 1814 vart det slutt.

Noreg fekk eiga grunnlov

Noreg blei opptekne av alt som var typisk norsk, og fekk sitt eige flagg og grunnlov. Det var også mange som vart opptekne av at vi skulle ha vårt eige skriftspråk. Men kva språk skulle vi ha?

Det var fleire meiningar over korleis språket vårt skulle vere, men så dukka Ivar Aasen og Knud Knudsen opp – som begge jobba for språket vårt.

Ivar Aasen

Ivar Aasen ville lage eit nytt skriftspråk som tok utgangspunkt i dei ulike dialektene våre. Han reiste rundt og samla inn ord og laga eit språk som fekk namnet nynorsk.

Knud Knudsen

Knud Knudsen ville også lage eit norsk skriftspråk. Han ville ta det danske skriftspråket og fornorske det. Dette blei skriftspråket som heiter bokmål.