Greta Thunberg skriv på Instagram: – Ekstremt sannsynlig at eg har hatt covid-19
Greta Thunberg har vore innandørs dei to siste vekene. Grunnen er at ho har vore sjuk – truleg med covid-19, skriv ho på Instagram.
– Då eg kom heim frå reisa mi i Sentral-Europa isolerte eg meg sjølv i ei lånt leilegheit utan mora og søstera mi. For drygt ti dagar sidan byrja eg å kjenne symptom, akkurat som faren min som var med på reisa, skriv Greta på Instagramkontoen sin.
– Eg følte meg sliten, hadde frysningar, sår hals og hoste. Faren min opplevde dei same symptoma, berre mykje meir intense og med feber, held ho fram.
Greta har ikkje vorte testa, sidan det berre er dei som har behov for umiddelbar hjelp som blir testa i Sverige Ho skriv likevel at «det er ekstremt sannsynleg at eg har hatt det, gitt symptoma og omstenda».
Greta kjenner seg nesten frisk igjen, og oppmodar følgjarane sine om å følgje instruksar frå ekspertar og styresmakter, og halde seg heime for å bremse spreiinga av viruset.