Tre kvinner som jobbar for ei betre verd

I Noreg tek vi ofte for gitt alle rettane vi har som norsk statsborgar. Det er lett å tru at andre land har eit like bra system som i Noreg. Det er dessverre ikkje slik, og ein skal ikkje reise langt før ein ser forskjellane.

Helsingforskomitéen er ein organisasjon som jobbar med menneskerettar. Då gjerne i dei gamle sovjettlanda i Aust-Europa.

Dei har laga ei liste over kvinner som har viktige historier å fortelje, og som viser dei største menneskerettsutfordringane kvinner i Europa har.

– Vi bestemte oss for å lage denne kampanjen fordi det er så mange viktige historier og saker som vi vil setje fokus på, slik at ein i Noreg får vite meir om kva menneskerettsutfordringar det er i Europa i dag, seier Mina Wikshåland Skouen, leiar for avdeling for kjønns- og seksualitetsmangfald hjå Den norske Helsingforskomité.

I anledning kvinnedagen, 8. mars, presenterer Framtida junior tre av dei tolv kvinnene Helsingforskomiteen har retta fokus på i si kampanje.

Journalist Khadija Ismayilova

Illustrasjon: Jenny Jordahl

Khadija Ismayilovas har skrive om heimlandet Aserbajdsjan, der ho har avslørt grov korrupsjon. For dette har ho blitt fengsla og forfølgd. Journalisten får ikke lov til å forlate Aserbajdsjan.

Trebarnsmor Anastasia Schenko

Illustrasjon: Jenny Jordahl

Trebarnsmora er politisk fange. Ho har vore i husarrest sidan januar 2019, berre fordi ho har jobba for menneskerettane i Russland.

Journalist Lena Klimova

Illustrasjon: Jenny Jordahl

Den russiske journalisten byrja å skrive om dei homofile i Russland. I Russland er det ikkje lov å snakke eller skrive om homofili til mindreårige. Dette trossar Lena og er med på å gjere homofile meir synlege.

Fleire kvinner som jobbar for betre rettar er å finne på Den norske Helsingforskomité