5 forslag til klimakutt
Regjeringa har nettopp fått mange råd om korleis Noreg kan kutta utsleppa. Dei viktigaste forslaga er:
- Fleire elbilar
- Meir transport med sykkel, gange, buss og tog
- Båtar som er utsleppsfrie
- Ikkje kast så mykje mat
- Et mindre kjøt og meir grønsaker
Sist fredag fekk fleire miljøagentar møta klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i regjeringskontora. Der fekk dei vera med på å senda beskjed til FN om at Noreg lovar å kutta klimautsleppa endå meir enn me tidlegare har lova.
Første vestlege land
– Noreg er det første vestlege landet i verda til å melda inn eit forsterka mål om klimakutt til FN. Avgjerda i dag er eit viktig steg mot eit grønt skifte i Noreg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Noreg lova tidlegare å kutta utsleppa med 40 prosent innan 2030. No er løftet å kutta utsleppa med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med utsleppa våre i 1990.
- LES OGSÅ: Fem forslag store klimakutt
– Veldig mange som vil dette
Klima- og miljøministeren seier at er det veldig mange som har vore opptatt av at me skal gjera dette. Ikkje minst mange barn og unge.
– Me har hatt eit år bak oss med elevstreikar og Greta Thunberg som blir kåra til årets person. Det er kort oppsummert veldig mange som ønsker at me skal gjera meir. I dag lovar me å gjera meir, sa han før miljøagent Brage fekk trykka på knappen som sende løftet til FN.