5 forslag til store klimakutt

Regjeringa har fått mange råd om korleis Noreg kan kutta utsleppa.

Noreg har nettopp lova å kutta minst halvparten av klimautsleppa våre. Då må alle gjera ein innsats.

Regjeringa har fått ei lang liste over tiltak som må gjennomførast for å få dette til.

Dei viktigaste tiltaka er:

  1. Fleire elbilar
  2. Meir transport med sykkel, gange, buss og tog
  3. Båtar og skip som er utsleppsfrie, som går på til dømes batteri eller hydrogen
  4. Ikkje kast så mykje mat
  5. Et mindre kjøt og meir grønsaker

Miljødirektoratet reknar med å kutta mest utslepp frå vegtransport, jordbruk, sjøfart, fiske og havbruk.