Utstillinga fortel om korleis hjernen og tarmen snakkar saman og byggjer på forskning frå Bergen, skriv VilVite i ei pressemelding.
– Kunnskap om eigen kropp er nøkkelen til betre helse, seier VilVites direktør Lars Leegaard Marøy.
VilVite vil inspirere barn og unge til å søkje kunnskap om korleis livsstil påverkar helsa.
Dei har fått pengar av GC Rieber Fondene, Grieg Foundation og Kavlifondet til å lage utstillinga.