– Det er ikkje alltid like lett å vite kor grensa går når det gjeld dyr. Noko av det viktigaste vi kan gjere er å førebyggja og fortelje kva som er rett og gale, seier politioverbetjent Grethe Møkkelgård Fossum til NRK.
Ho er leiar for dyrekrimgruppa i Trondheim.
Sidan 2015 har både politiet og Mattilsynet jobba ekstra hardt for å kjempe mot kriminalitet mot dyr.
I 2017 blei det registrert sju sakar der eigaren av dyret/dyra måtte i fengsel, eller måtte betale bot. Året etter var antall saker tredobla, og i fjor var det heile 48 saker som endre med straff.