Ny lov som hjelper trengande dyr

Ei ny lovendring seier at Matilsynet kan bestemme kva som skal skje med eit dyr som ikkje har det bra i heimen sin.

Mattilsynet jobbar ikkje berre med mat, som det kanskje høyrest ut. Dei jobbar også med dyrehelse.

Dyrevelferdslova blei endra til at Mattilsynet kan bestemme om dyr som blir fråtatt dyreeigarane skal omplasserast, selgast eller avlivast. Endringa trer i kraft 1. mai.

Denne nye lova gjer slik at dersom Mattilsynet har tatt dyr frå ein dyreeigar som ikkje har passa godt nok på dyret sitt, kan Mattilsynet bestemme kva som skal skje vidare med dyret, dersom det er slik at dyret ikkje kan gå tilbake til eigaren.

Tidligare har eigaren sjølv måtta samtykke om dyret skulle omplasserast eller selgast. Om ikkje det blei avgjort måtte dyret avlivast.

Saka var omtalt på NRK.no

Synast du det er bra med den nye loven?

Synast du det er bra med den nye loven?

JA26
NEI4
Veit ikkje6
Svar totalt: 36