Saka er henta frå Framtida.no
Nebbdyret, som på engelsk er kjent som platypus, har allereie forsvunne frå opptil 40 prosent av tilhaldsstadene sine på austkysten av Australia grunna tørke, rydding av land, forureining og bygging av demningar.
Nebbdyret er lista som «nær trua» på lista frå Verdens naturvernunion (IUCN). Forskarane bak rapporten meiner det er eit pressande behov for ei nasjonal risikovurdering for å vurdere om nebbdyret skal kategoriserast som «sårbart» og om tiltak må gjerast for å minimere ei kvar risiko for utrydding.