Sidan september i fjor har dei pågåande skogbrannane i Australia svidd av eit område på kring 84.000 km2, og ein reknar med at over éin milliard dyr har mista livet.
Kring 800 millionar dyr har døydd i delstaten New South Wales åleine.
Styresmaktene i delstaten vil sikre at dyra som framleis er i live ikkje svelt i hel, og har difor floge over dei utsette områda og kasta ut fleire tusen kilo gulrøter og søtpoteter.
Operation Rock Wallaby ?- #NPWS staff today dropped thousands of kgs of food (Mostly sweet potato and carrots) for our Brush-tailed Rock-wallaby colonies across NSW ?? #bushfires pic.twitter.com/ZBN0MSLZei
— Matt Kean MP (@Matt_KeanMP) January 11, 2020