Erna om klima og flyktningar

Framtida Junior fekk møte statsminister Erna Solberg og stilte ho mange av dei spørsmåla vi fekk inn frå barn rundt omkring i Noreg.

Hakeem og Diana var på besøk hos Erna Solberg.

Ida Elisabeth og Magnus skriv: Kva gjer statsministeren for å hindre klimaendringane?

– Dette er eit stort spørsmål, som eg kunne fortalt mykje om, seier Erna.

– Noregs ansvar er å få ned miljøutsleppa frå biltrafikken, og minske CO2 utsleppa. Det er å få fleire bilar som slepp ut mindre CO2, og færre lastebilar.

– Det gjer vi med å få fleire til å bruke nye drivstoff på bilar, lastebilar, ferjer.

– Noreg og Europa har eit felles ansvar om å få ned utsleppa frå industrien.

Kristoffer og Amalie: Kva vil skje med forureininga i framtida?

– Eg trur og håpar at vi klarar å gjere noko med klimautfordringa, som gjer at vi slepp ut mindre CO2, eier statsministeren og held fram;

– Med nye bilar trur eg det vil bli betre luftkvalitet.

– Så har vi ein stor jobb med plastforureininga i havet. Det må vi sørge for å bli betre. Vi må klare å handtere søppelet vårt på ein ordentleg måte.

(Framtida Junior har korta ned svaret)

Anders og Ole skriv: På MGPjr var det mange som song om flyktningar. Kvifor slepp vi ikkje inn fleire flyktningar til Noreg?

– Vi har to typar flyktningar, seier Erna.

– Den eine er dei som kjem som asylsøkjarar. –Kven som får opphald, er avhengig av kven som kjem.

– Den andre er kvoteflyktningar. Noreg har tatt imot mange. Når det gjeld kvoteflyktningar så er Noreg eitt av dei landa i den vestlege verda som per innbyggar har tatt imot flest kvoteflyktningar dei siste 20 åra.

– Av og til høyrest det ut som vi ikkje tek imot mange, men det har vi altså gjort.