Vi må bli flinkare til å kaste mindre mat

Sara (11), Julie (11) og Norah (11) veit at vi må kaste mindre mat. Det har dei lært om på skulen, og kanskje særleg etter at Greta Thunberg starta skulestreiken.

I Noreg kastar kvar av oss nesten 43 kilo mat i året. Det vil seie at 1/3 av all mat som blir produsert i verda går i boset. Det er mykje!

Det er rart å tenkje på at det er folk i verda som svelt. Medan vi i Noreg har mykje mat som går i boset, seier Julie. 

Så korleis kan vi i familien og på skulen bli betre på å redusere matsvinn? Det viktigaste er at alle gjer noko.

Lagar matpakken sjølv

– Lagar eg matpakken min sjølv er det større sjanse på at eg et opp maten min, seier Norah.

Med det meiner ho at ofte har mange altfor mykje mat i matpakken som dei ikkje et opp. Eller så er det ting i matpakken som dei ikkje likar. 

– Har eg mat til overs i matpakken så tek eg det med meg heim og et det der. Eller så et kanskje mamma det, fortel Sara.

Restar må ikkje gå i søpla

Jentene undrar seg også litt over korleis det er på restauranter og hotell. Det skulle vore heilt vanleg at om det var mat til overs på tallerken så blei gjestane tilbode noko å ha maten i, i staden for at det går i søpla.

Korleis kan vi redusere matsvinnet og bidra til eit betre berekraftig matforbruk?

1: Bli flinkare til å kjøpe berre det du treng.

2: Ikkje kast mat sjølv om datostemplinga seier det. Lukt, sjå og smak om det er greit å ete.

3: Ta vare på restar. Det kan vere perfekt som mellommåltid eller som matpakke.

4: Rydd i kjøleskapet. Har ein orden i kjøleskapet vil ein alltid vite kva som er der.

5: Kildesorter. Har du matrestar som er dårleg skal det i matavfall og ikkje i restavfall. (Kjelde: Matprat)