MALAWI: Kvinneleg høvding mot barneekteskap
Dei fjorten åra Theresa Kachindamoto har vore høvding har ho annullert over fjorten-hundre barneekteskap. I 2003 forlot fembarnsmora jobben som sekretær ved eit universitet for å ta over som høvding etter faren. Ho har fått mykje merksemd fordi ho beskytter unge jenter.
TAIWAN: Kjærleiken sigrar på Taiwan
17. mai 2019 som er den internasjonale dagen mot homofobi, blei ein historisk dag i Asia. Taiwan blei det første landet i Asia til å anerkjenne og lovleggjere likekjønna ekteskap. Taiwanske aktivistar meiner at utfallet vil ha stor betydning i Kina, Singapore og resten av Aust-Asia.
BENIN: Kulturskattar på veg tilbake til Benin
Den franske presidenten Emmanuel Macron har nyleg inngått ein avtale med det vestafrikanske landet Benin om tilbakelevering av uvurderlege kulturskattar som blei tatt under kolonitida. Om lag nitti prosent av Afrikas kulturarv er rekna å vera i Europa, melder Reuters. Quai Branlymuseet i Paris åleine husar rundt 70.00 afrikanske gjenstandar.