Ber dei vaksne bli med i global storstreik for klimaet

20. - 27. september er det klart for det som truleg blir verdas største klimastreik-veke så langt: Global week for future.

Inspirert av rørsla #Fridaysforfuture, er det no duka for ei heil veke med streikar over heile verda, skriv Framtida.no.

Skulestreikane med barn og unge har fått mykje merksemd, og det vart anslått at omlag 1,5 millionar unge i over 130 land samla seg i den største globale skulestreiken så langt, 24. mai i år.

– Sorry, om dette passar dårleg for deg

For første gang sidan Greta Thunberg sette seg ned utanfor Riksdagen i Sverige for å streika hausten 2018, vil også vaksne vera med på den globale streiken.

– Me føler at mange vaksne ikkje heilt har forstått at me unge ikkje kan stansa klimakrisa sjølv. Sorry, om dette passar dårleg for deg. Men dette er ikkje ein enkeltgenerasjons-jobb. Det er menneskeslekta sin jobb.

Dette skriv Greta Thunberg og 36 andre unge klimaaktivistar i ein invitasjon til dei vaksne om å delta i streiken, publisert i britiske The Guardian.

Appellerer til foreldre

– Under den franske revolusjonen strøymde mødrer til gatene for barna sine. I dag kjempar me barna sjølve, medan så mange av foreldra våre er opptekne med å diskutera om me har gode karakterar, ein ny diett eller kva som skjedde i Game of Thrones-finalen. Samstundes som planeten brenn, skriv klimaaktivistane vidare.

Og foreldre byrjar å vakna. I Noreg vart også vaksne med i klimamarkeringar under Klimabrølet 30.august i år. Arrangørane reknar at omlag 58.000 møtte opp over heile landet.

I England oppmodar gruppa Parents for future andre foreldre til å bli med, og har laga ein film for å verkeleg visa alvoret.

– Unge folk streikar for klimaet. Bli med dei, er beskjeden.

Verdsomspennande klimaveke

Det er førebels planlagt over 2400 arrangement i 115 land og 1000 byar. Men som i tidlegare Fridayforfuture-streikar, stig tala stadig etterkvart som det nærmar seg den globale #Weekforfuture.

Bedrifter er også oppmoda til å streika, og mange har samla seg under Not business as usual. Morgonen 16. september har nesten 1200 bedrifter signert på at dei er med.

Lush Cosmetics, isprodusent Ben & Jerry’s og klesmerket Patagonia er nokre av desse.

Amazon-tilsette: – Me må ta ansvar

Over 1000 tilsette i Amazon har varsla at dei vil gå ut i streik fredag 20. september. Allereie 9. september la dei ut ei pressemelding på nettstaden Medium, om kvifor dei vil streika.

– Som tilsette i ei av verdas største og mektigaste bedriftar, er vår rolle i møte med klimakrisa å sikra at bedrifta er leiande på klima – ikkje hengande etter. Me må ta ansvar for påverknaden vår bedrift har på planeten og folk, skriv dei og krev mellom anna nullutslepp innan 2030.

Amnesty-støtte

Fredag 20. september startar streikeveka med skulestreik, noko også Kumi Naidoo, generalsekretær i Amnesty international, har fått med seg.

Han har sendt brev retta til lærarar og skuleleiarar over heile verda, med oppmoding om å støtta skulestreikane.

– Retten til eit sunt miljø, inkludert eit trygt klima, er grunnleggande for å kunne gleda seg over andre rettar. Det er ein rett som barn i dag, trist nok har blitt tvinga til å ta leiinga i å setje lys på.

Han skriv at årsaka til streikane er så viktig historisk sett, at han bed skuletilsette om å ikkje hindra eller straffa elevar som deltek i streikane denne veka.

Ryddedag

Greta Thunberg kjem til å vere blant dei som deltek på skulestreiken i New York. Byen er vertsskap når FN sitt klimatoppmøte går av stabelen 23. september.

Laurdag 21. september er det verdsdagen for opprydding og i fleire land blir det arrangert strandrydding, byrydding og meir. I fjor deltok over 18 millionar menneske på verdsoppryddingdagen, eller World clean up day.

Her kan du sjå alle arrangement, legga til ditt eige og lese meir.