– Canada er no eitt av elleve leiande land som har tatt eit progressivt standpunkt mot å ale opp og halde kvalar, delfinar og niser fanga for moro skuld, seier Nina Devries, ein talsperson for World Animal Protection Canada, skriv Framtida.no.
– Siste generasjonen som skal lide
Lovforslaget kom i 2015, og det manglar berre ei symbolsk, kongeleg godkjenning før det er gyldig.
Dyrevernsrørsla i landet er svært fornøgd med vedtaket.
– Dette er ei så viktig sak fordi ho forbyr oppdrett, noko som sikrar at kvalar og delfinar som per i dag blir haldne i små tankar i Canada, blir den siste generasjonen som skal lide, seier kampanjesjef Melissa Matlow i World Animal Protection Canada i ei fråsegn.