Mellom 4000 og 8000 sjøfugl set seg fast i garn langs kysten vår og druknar kvart år, ifølgje ein studie frå Norsk institutt for naturforskning (NINA).
Det har tidlegare vore forska lite på sjøfugl som set seg fast i garn. No håpar forskarane at dei kan gjere meir for å berge fleire fuglar.
– Mykje fugl har sett seg fast i garn i alle år. Å hindre dei i å setje seg fast i garn er kanskje noko av det enklaste vi kan gjere, seier forskar Kim Magnus Bærum i NINA til NRK.
Fugleskremsel
Dei siste 10 åra har NINA analysert nesten 16.000 båtturar for å sjå kor mange fuglar som set seg fast i garnet. Ifølge Kim Magnus har dei funne opp mot 100 fuglar i garnet på ein enkelt tur.
Forskaren ser føre seg at ein form for fugleskremsel kan hjelpe.
– Det kan vera noko som plaskar i sjøen eller eit eller anna som svirrar rundt i lufta, seier Kim Magnus.