Berre her i Noreg er det over 36 000 elevar som har vore ute og vist at dei bryr seg.
- LES OGSÅ: Største opprør nokosinne
Klare for å kjempe
Utanfor Stortinget i Oslo møtte vi mange elevar som var klare til å vise at dei bryr seg.
– Vi er her for å kjempe for framtida vår, seier Zaida.
– … og for klima, legg Ziva til.
I dag vil dei heller streike for klima enn å ha matte, gym og norsk.
- PRØV KVISSEN: Er du smartare enn ein 7. trinns elev?
– Kvifor studere, om vi ikkje har ei framtid?
– Vi skulkar skulen fordi vi vil forbetre miljøet, seier Even Kvammen.
Han går i sjetteklasse på Tonsenhagen skule. Eigentleg skulle han og dei andre klassekameratane hatt musikk, norsk og matte, men foreldra deira har tatt dei med til Stortinget for å delta på skolestreik for klima.
– Kvifor studere, om vi ikkje har ei framtid? spør dei.
- LES OGSÅ: Mange elevar streikar i dag