Mange elevar streikar i dag

I dag står skulepultar tomme over heile landet. Elevane står heller framfor Storting, rådhus og kommunehus frå nord til sør. No skal ikkje politikarane lenger ignorere uroa og krava deira.

Førre veke streika det elevar i alle verdshjørner. Ifølgje Fridays for future streika kring 1,3 millionar elevar i over 120 land: Frå Bangladesh til Antarktis.

Også i dag melder Fridays for future at elevar i 68 land skal ta til gatene for å uttrykke si misnøye med klimainnsatsen til myndigheitene. Det er venta at mellom 15 og 20 000 norske skuleelevar skal delta, og det er varsla streik over 70 stadar rundt om i landet.

Elevane krev endring

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) kjem til å møte dei streikande elevane klokka 10 for å få overlevert hovudkrava om at:

  • Ingen fleire løyver til oljeleiting vert delte ut
  • Regjeringa kjem med kraftige klimatiltak for å sikre at global oppvarming ikkje stig over 1,5 grad.

Artikkelen stod først trykt på Framtida.no. Der vil du også finne ein lengre versjon av saka.