Største opprør nokosinne

Aldri før har barn og unge gjort større opprør. Over 1,4 millionar elevar har streika for eit betre klima.

Over 36 000 elevar streika i heile Noreg.

Om 100 år vil ein heilt sikkert kunne lese om dagane i mars 2019. Då elevar rundt omkring i heile verda streika for eit betre klima.

Det starta med Greta Thunberg. Ei svensk jente som sette seg heilt åleine utanfor Den svenske riksdagen, for å markere at politikarane måtte endre klimapolitikken.

Lite visste ho at over 1,4 millionar elevar, verda over,  ville følgje henne i aksjonen for eit betre klima.

Til huasten kjem den norske omsetjinga av Scener ur hjärtat, som er skriven av heile familien til Greta Thunberg. Foto: Anders Hallberg.

Siste ord er ikkje sagt. Barna er framtida, og dei veit å seie ifrå.

Skal du streike for klimaet, 22. mars?

Skal du streike for klimaet, 22. mars?

Ja22
Nei30
Veit ikkje6
Svar totalt: 58
Foto: Andrea Rygg Nødtveit